Moderne historie

  • Moderne historie

- Når det etter kvart vert heilt ferdig innvendig, synest vi alt no at resultatet er skikkeleg vellukka. Mellombygget bind det nye kjøkkenet/spisestova og tømmerstova saman på ein god måte. Her kan vi slappa av i godstolen med ein heilt fantastisk utsikt nedover mot Voss.

På eine veggen har vi hengt opp eit gamalt kunstverk frå det nedrevne sommarhuset vårt ved Lønavatnet. Kunstnaren Hustveit reiste i si tid rundt og dekormålte rett på veggane på hus og hytter i området. Så Dolk var nok ikkje fyrstemann ute der….. Under rivinga tok vi vare på veggane med utsmykking. To av motiva er framleis i ei lita tømmerestove hjå Lønavatnet, men dette eine fann vi ut ville høva godt i nye omgivnader på Kyte.

- Vi likar å nytta gamle gjenstandar og i  laftebygget har vi teke i bruk ei svært gamal dør frå garden Gjøstein på Kløve, og høgt oppe under mønet fungerer eit gamalt, dekoret medisinskap som ”sikringsskap” for sentrale elektriske installasjonar.
Mange tilfeldigheiter sette dette byggeprosjektet i gang. Ein dag inviterte ein lokal byggmeistar – David Gjøstein – oss til løa si på Kløve, der han var i gang med lafting av ei tømmerstove. Enden på ”tittinga” var at vi kjøpte stova, og etter mykje om og men kom vi fram til ei god plassering ved nordenden av huset.

Det var då ideen  om at ein vinterhage i glas, som eit mellombygg, kunne vera ein flott måte å binda husa godt saman.

Blanda gamalt og nytt. Fekk litt lokal hjelp til å skissa alternative løysingar. Paralellt leita vi etter ein aktuell leverandør av slike bygg, og kom på den måten i kontakt med Accord AS. Vi drøfta våre idear med dei, fekk gode innspel på korleis vi skulle gjera dette og kom på den måten fram til noko vi synest om og som vi meinte kunne fungera for oss.

Vinterhagebygget er konstruert fullstendig sjølvberande. Laftebygget vil trenga tid til å ” setta seg”, og konstruksjonen sikrar at dette ikkje medfører siging og lekkasjeproblem. Her har eit godt samarbeide mellom byggmester David Gjøstein AS og Accord AS vore heilt nødvendig. Accord si vekt på soliditet og kvalitet gjer at dette vil fungera problem og vedlikehaldsfritt i mange år framover. Vi er kjempenøygde med Accord AS på alle områder gjennom heile denne prosessen.

- Voss